Grus på plass fram til Skarpei

Nils Magne i løypa_1201x824

Det er nå råd å gå tørrskodd gjennom sportsløypa heilt fram til Skarpeid, der utsynet over Sjångevågen opnar seg. Ta på "besteskoa" og kom !  Dette betyr at over halvparten av løypa nå er farbar i vanlege tursko eller joggesko.  Til sommaren er målet å ha heile denne strekkja fullt ut tilrettelagt for rullestolbrukarar. Nils Magne Kloster har alt vore på prøvetur. Han er full av lovord om tiltaket og gler seg til løypa vert heil ferdig.

Nils Magne i løypa_1201x824.jpg

Nils Magne i løypa II.jpg

Nils Magne har gjennom åra kjørt sin elektriske rullestol i mange slags terreng og underlag og kan såleis gje gode råd om korleis løypa best kan tilretteleggjast slik at han og andre rullestolbrukarar kan ferdast med minst mogeleg problem. "Det er eit flott tiltak i eit utruleg fint område", sa han under prøveturen i dag. "Her kan ein verkeleg finna ro og fred.  Høyrer ein ikkje fulglesongen her inne, høyrer ein han aldri"!

Nils Magne i løypa III_1200x910.jpg

Etter turen vart det tid til ein kaffikopp og pannekaker ved ein av dei tre benkene som er sett opp i løypa. Benkene er levert av ein av våre trufaste sponsorar, Solstein AS

F.v. Elisabeth personleg assistent, Martin, Bertine, Bente og Nils Magne.

NB:

Alle rullestolbrukarar som ønskjer å prøva ut løypa vert tilrådd å ha med personleg assistent så lenge anleggarbeidet pågår.